Velkomen

OpenStreetMap

Vi er ein gjeng som jobbar med OpenStreetMap i Noreg. Her samlar vi prosjekta våre og deler det vi held på med. Har du lyst til å vere med, eller er du berre nysgjerrig? Ta ein prat med oss!

Kart blir betre når vi bidreg saman

OpenStreetMap er eit ope kart som folk lagar og held ved like saman. I Noreg kan bidrag handle om alt frå vegar og stiar til bygningar og stadnamn. Både lokalkunnskap og interesse for teknologi kjem godt med.

Prosjekta våre

Det første prosjektet vårt er ein ruteplanleggjar med GraphHopper. Vi jobbar med to variantar, og den endelege tenesta er planlagd på graphopper.openstreetmap.no.

Slå av ein prat på IRC

Du finn oss på IRC i kanalen #osm-no på OFTC (irc.oftc.net). Stikk innom med spørsmål, idear eller noko du har lyst til å jobbe med.